Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Selskapet sitt føremål og organisering

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) er eit interkommunalt selskap som er oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 20.01.1999 nr. 6 med seinare endringar. Selskapet er eid av 24 kommunar, som betalar inn eit årelg tilskot til drift av selskapet. 

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS har som føremål er å arbeide for at verdifullt arkivmateriale i eigarkommunane vert teke vare på og sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid, og gjort tilgjengeleg for offentleg verksemd, forsking og andre administrative og kulturelle formål, jf. Lov om arkiv § 6 (arkivlova).

Representantskapet er selskapet sitt øvste myndigheit. i IKA Hordaland. Kva eigarkommune skal ha ein representant kvar. Eigarane har instruksjonsmyndigheit overfor sine representantar. Representantskapet konstituerer seg sjølv, og vel leiar og nestleiar.

Styret blir valt av representantskapet etter valnemnda si innstilling, og består av leiar, nestleiar og to medlemmer. Styremedlemmene skal ha tre varamedlemmer. Dei tilsette veljer ein observatør i styret. 

Dagleg leiar er tilsett av styret og har delegert fullmakter og mynde frå styret. Dagleg leiar har ansvar for personal, økomomi og intern administrasjon i selskapet.

Tenestetilbodet til verksemda er består av:

  • Basistenestene
  • Depottenestene 
  • Oppdragstenestene 

Alle tilsette i selskapet har stillingsinnhald som skildrar ansvar og arbeidsoppgåver.

Laster...