Utskriftsvennlig versjon

Selskapsorganisering

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) er eit interkommunalt selskap eigd av 32 kommunar. Verksemda er hovedsakleg finansiert av årlege tilskot frå eigarane. Selskapet er heimla i lov om interkommunale selskap og har som føremål:

 "å arbeide for at verdifullt arkivmateriale i eigarkommunane vert tekne vare på og sikra, for samtid og ettertid, og gjort tilgjengeleg for offentleg verksemd, forsking og andre administrative og kulturelle formål"

Det er representantskapet som er det høgste organet i IKA Hordaland. Eigarkommunane skal ha ein representant kvar, som har røysterett tilsvarande eigarandelen i selskapet. Styret vert valgt av representantskapet og skal ha minst 3 medlemmer. Dei tilsette kan ha ein observatør i styret. Medlem av representantskapet kan ikkje vere medlem i styret. Arkivverket har ein observatør i styret.

Selskapet har ein dagleg leiar og 9 tilsette.

Laster...