Utskriftsvennlig versjon

Bevaring og Kassasjon

Arkivlova med forskrifter dannar det rettslege grunnlaget for arbeidet med bevaring og kassasjon i offentleg forvaltning. Formålet med bevaring av offentlege arkiv er å sørgje for at arkiv som har stor kulturell eller forskningsmessig verdi, eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, vert bevart og gjort tilgjengeleg for ettertida.

Riksarkivaren har vedtatt nye bevarings- og kassasjonsreglar for fylkeskommunale og kommunale arkiv.

Den nye forskrifta erstattar den gamle og gjeld for alt arkiv som er skapt etter 1950. Ein viktig endring i dei nye reglane er at dei skildrar det som minimum skal bevarast. Kvar fylkeskommune og kommune kan velje å bevare meir enn det som er pålagt i forskrifta, men ein skal lage oversikt over kva som kan kasserast og kva som skal bevarast. Arkivverket skal laga rettleiingar i praktisk bruk av forskrifta, som vert tilgjengelege på Arkivverket si heimeside.

 

Dei nye reglane kan ein sjå her.

Ikah har laga ein rettleiar for Bevaring og Kassasjon etter NKS-nøkkelen.

Laster...