Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Bakgrunn og formål

Bakgrunn:

Selskapet har etter § 20 i selskapsavtala arkivplikt jf. forskift om offentlege arkiv. I §4 står det at; «alle offentlege organ til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal og vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet». I riksarkivarens forskrift § 1-1 om arkivplan er det skildra eit minste krav til arkivplanen sitt innhald.

Den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll, jf. arkivforskrifta §4. Hjå IKA Hordaland er dette ansvaret lagt til dagleg leiar.

Formål

Formålet med arkivplanen er at den skal vere IKA Hordaland sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, og såleis eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i selskapet. Alle tilsette i IKA Hordaland er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanen sitt innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Laster...