Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Selskapet sitt formål og organisering

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) er eit interkommunalt selskap eigd av 32 kommunar. Verksemda er hovedsakleg finansiert av årlege tilskot frå eigarane. Selskapet er heimla i lov om interkommunale selskap og har som formål:

 "å arbeide for at verdifullt arkivmateriale i eigarkommunane vert tekne vare på og sikra, for samtid og ettertid, og gjort tilgjengeleg for offentleg verksemd, forsking og andre administrative og kulturelle formål"

Organisasjonskart

  • Representantskapet er det høgste organet i IKA Hordaland. Eigarkommunane skal ha ein representant kvar, som har røysterett tilsvarande eigarandelen i selskapet.
  • Styret vert valt av representantskapet og skal ha minst 3 medlemmer. Dei tilsette kan ha ein observatør i styret. Medlem av representantskapet kan ikkje vere medlem i styret. Arkivverket har ein observatør i styret.
  • Dagleg leiar er tilsett av styret og har delegert fullmakter og mynde frå styret. Dagleg leiar har ansvar for personal, økomomi og intern administrasjon i selskapet.
  • IKA Hordaland har fire fagområder, som er markert som grønt i organisasjonskartet. Desse områda tek utgangspunkt i dei tenestene som selskapet tilbyr sine eigarar. Kvart fagområde har delegert fagleg ansvar til ein rådgjevar frå dagleg leiar.
  • Alle tilsette i selskapet har stillingsbeskrivelser som skildrar, ansvar og arbeidsoppgåver.
Laster...