Øygarden kommune har postadresse Ternholmvegen 2, 5337 Rong.
Posten leverer post til dokumentsenter på Rong 2 til 3 dagar i veka mellom kl. 12.00 og 14.00. Ferdig frankert post frå Øygarden kommune vert tatt med av postbod.
Post som ikkje er arkivverdi (til dømes tidskrift, reklame o.l.), og anna internpost vert lagt i posthylla til dei ulike avdelingane i kommunen. Posten vert pakka av dokumentsenter i mapper merka med einingsnamn. Når post vert henta av eiening i posthylle skal mappe tømmast og tom mappe vert lagt i eigen hylle/innkast i postkasseanlegg for tomme mapper. Dette for gjenbruk av mapper. Internpost vert henta på dokumentsenter på Rong kvar dag kl.10.00 og køyrt til Straume, Skogsvåg og Ågotnes.
Merking av post
Viktig at internpost er merka tydeleg med einingsnamn og kontaktperson til den som mottar posten. Den som mottar post må og tydeleg kunne sjå kven posten kjem frå.
Post til frankering må ha full adresse (gateadresse/postboks og postnummer). NB! For hastesending merk konvolutt med ein post-it lapp f.eks. «hastar med utsending»
Sone Straume (Øygarden rådhus)
Internpostbod fordeler postmapper i hylle til dei ulike einingane. Kvar eining må internt avtale kven som hentar post og distribuerer post vidare.
Her har dokumentsenter 3 postluker som vert nytta til;
• Internpost
• Post til frankering
• Postmapper (tomme)
Desse vert tømt av internpostbod kvar dag. Postkasse på utsiden av bygg vert og tømt kvar dag av internpostbod.
Sone sør (Skogsvåg)
Internpostbod fordeler postmapper i hylle til dei ulike avdelingane. Kvar avdeling må internt avtale kven som hentar post og distribuerer post vidare.
Her har dokumentsenter 3 postluker som vert nytta til;
• Internpost
• Post til frankering
• Postmapper (tomme) Desse vert tømt av internpostbod kvar dag. Postkasse på utsiden og innside (1. et.) av bygg vert og tømt kvar dag av internpostbod. Ågotnes - Øygarden brann & redning
I postkasseanlegg fordeler internpostbod postmappe til Øygarden brann og redning i eigen hylle.
Dokumentsenter har her 2 postluker som vert nytta til;
• Internpost og postmapper (postmappe som er tømt)
• Post til frankering Desse vert tømt av internpostbod kvar dag. Ansvar for utkøyring av internpost er delt mellom Menneske med nedsett funksjonsevne sone Straume, sone Nord og eigedomsavdeling.Dokumentsenter har ansvar for rutine knytt til internpostkøyring. Ta kontakt med fagansvarleg arkiv Birte Young for spørsmål. Andre førespurnader til dokumentsenter vert sendt til postmottak@oygarden.kommune.no |