Avgjerdsmynde etter delegasjon: Rådmannen v/leiar av pol. sekretariat Type løyve:
- Ambulerande skjenkeløyve (Alk.lova § 4-5) kan berre nyttast for slutta selskap. Kommunen har 2 slike løyve som kan nyttast samtidig.
- Alminneleg skjenkeløyve etter Alk.lova § 1-6 kan nyttast til arrangement som er opne for alle.
Unntak: Det er ikkje naudsynt med skjenkeløyve ved private lukka arrangement som bryllaup, feiring av åremålsdagar og konfirmasjonar.
Skjenketider:
Øl og vin kan skjenkast frå kl. 08:00 til kl. 01:00.
Brennevin kan skjenkast frå kl. 13:00 til kl. 24:00. Det er høve til å innskrenke eller utvide skjenketida etter særleg vurdering.
Aldersgrenser skjenkeansvarleg/stedfortredar: Begge må vere over 20 år.
Gebyr: For kvart løyve må det betalast eit gebyr på kr 200, som skal vere innbetalt før løyvet vert nytta.
Søknad: Kommunen har eigne skjema for søknad om skjenkeløyve. Desse kan ein få ved å kontakta servicekontoret eller politisk sekretariat. På søknadsskjemaet er det viktig at følgjande er utfylt:
- Søkjar (namn, adr., tlf.)
- Stad og lokalitet for arrangementet
- Dato og klokkeslett/skjenketid
- Type arrangement
- Skjenkeansvarleg/stedfortredar for skjenkeansvarleg (må vere over 20 år)
- Type alkohol det vert søkt om å få skjenka
Handsaming av søknad om ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve for einskildhøve: Når vi tek imot ein ny søknad skal vi registrera denne i ei ny sak. Dersom søknaden gjeld ambulerande skjenkeløyve, må vi, før vi startar behandling av søknaden, sjekke perm for ambulerande skjenkeløyve eller sakssystemet, om det er ledige løyve den aktuelle dagen (vi har berre 2 løyve). Lag fullmaktssak:
- Stå på saka med journalposten/det innkomne dokumentet framme i nedste del av skjermbiletet.
- Vel ”behandling” og så ”ny behandling”
- Vel utval ”FRÅ” og ”nytt sakspapir”
- Tekstdokument: sakspapir delegasjonssaker
- Skriv inn vedtaket, til dømes:
”Xxxx får ambulerande skjenkeløyve for øl (pils), vin og brennevin (skriv berre det løyvet gjeld) i samband med xxxx (arrangement) på xxxxx (stad), xxxxx (dato).
Skjenketid for øl og vin: kl. xxxx – 01:00 (fra 08:00-01:00) Skjenketid for brennevin: kl. xxxx – 24:00 (fra 13:00-24:00) Skjenkeansvarleg: xxxxx med xxxxx som stedfortredar. Løyvegebyr kr. 200,- må vera betalt før løyvet vert nytta.”
- Skriv ut. Utskrift skal signerast, stemplast og setjast inn i permen for ambulerande skjenkeløyve.
Lag brev til søkjar (partsbrev):
- Lag ny journalpost i saka:
- U for utgåande brev
- Avskriv innkomande brev (søkjar vil då koma automatisk i mottakar/adressefelt)
- Skriv inn kommunekassen, Lensmannen i Fjell og Sund og Skjenkekontrollen i ”kopi”
- Velg mal for partsbrev slik at vedtaket automatisk vert fletta inn i brevet
- Skriv inn etter vedtaket: Vedlagt følgjer …….
Søkjar skal ha original av brev m/følgjande vedlegg:
- kopi av retningsliner for skjenking av alkohol ved amb. skjenkeløyve/einskildhøve
- forskrift av 11. desember 1997 om omsetning av alkoholhaldig drikk
- Sosialdep. sin definisjon av slutta selskap (gjeld berre amb. løyve) - giro for betaling av løyvegebyr Når brev og kopiar er klare, sender vi dette inn til kommunekassen som registrerer gebyret i fakturasystemet, skriv ut giroen og sender alt samla til søkjar. Send kopi av brevet til lensmannen, skjenkekontrollen v/Magnar Askeland og kommunekassen. Hugs kopi av brev til kopibok og i arkiv (saman med søknaden). |