IKA Hordaland

DSC_0027

DSC_0007

DSC_0007

Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) er ei verksemd organisert med heimel i lov om interkommunale selskap. IKAH eigast av tilsaman 32 kommunar i Hordaland. Eigarkommunane betaler årlig inn tilskot til drifta basert på folketall. Selskapet sitt øvste organ er representantskapet der alle eigarkommunane representert. Dei vel eit styret som forvaltar selskapet og er ansvarlege for at dette vert drive i samsvar med selskapet sitt føremål, selskapsavtalen samt retningsliner vedteke av representantskapet. Dagleg leiar har ansvar for den daglige drifta av selskapet.

Jf. føreskrift om offentlege arkiv § 2-2 skal alle offentlege organ ha ein ajourført samleplan som vert kalla arkivplan Arkivplanen skal visa

  • verksemda sin historikk og organisering,
  • kva arkivet omfattar, dvs. kva slags papirbasert og elektronisk materiale som inngår i arkivet og kva gjenfinningsmidlar som er i bruk og har vore brukt
  • korleis arkivet er organisert, dvs. korleis arkivmaterialet er ordna og strukturert og korleis det er oppstilt
  • kva instruksar og reglar som gjeld for arkivarbeidet, dvs. ei oversikt over gjeldande lov- og regelverk, samt interne instruksar
  • dokumentasjon for elektroniske register og databaser.

Arkivplanen skal sikre at IKAH ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

 

Føremålet med arkivplanen er at den skal vere eit viktig internt arbeidsreiskap.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon hjå IKAH. Alle tilsette er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanen sitt innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Oppdatering av planen skal gjennomførast årleg av arkivleiar. Dagleg leiar har det overordna arkivansvaret.

 

IKAH Linear Logo_PNG