Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

IKA Hordaland 2024-

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS er ei arkivverksemd organisert med heimel i lov om interkommunale selskap. IKA Hordaland eigast av tilsaman 24 kommunar og forvaltar deira deponerte kommunale arkiv, både på papir og elektronisk. Vi tilbyr fleire tenester innanfor arkivforvaltning, som kurs, ordning og rettleiing.

Jamfør føreskrift om offentlege arkiv § 4 skal alle offentlege organ ha ein ajourført arkivplan. Denne skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags innstuksar, reglar, planar som gjeld verksemda.

Føremålet med arkivplanen er at den skal vere IKA Hordaland sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, og vere eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon hjå IKA Hordaland. Alle tilsette er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanen sitt innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Oppdatering av planen skal gjennomførast årleg av ansvarleg for arkivplan. Dagleg leiar har det overordna arkivansvaret.